TYSVÆR KOMMUNE

 

Saksframlegg

 

 

 

 

 

Dato:07.09.2006

Saksnr.:2006/1844

Løpenr.:16498/2006

Arkiv:59/6

Sakshandsamar:Vidar Mortveit

         

 

 

Melding om tiltak - oppføring av 6 stk samanhengande boder på gbnr 59/6 i båthamna i Slåttevik.

 

Saksnr

Utval

Møtedato

132/06

Teknisk utval

21.09.2006

 

 

 

 

Slåttevik Båtforening

 

v/ Jarle Husby

Urnesvegen 6

5565 Tysværvåg.

 

Saksutgreiing:

Saka er sendt inn som melding etter pbl § 86a, men då tiltaket vil vere i strid med formålet i reguleringsplanen og det føreligg merknad frå nabo må saka difor behandlast etter pbl § 93.

 

Nabovarsel:

Naboar er varsla pr. 22.05.06. Det føreligg merknad i saka.

 

Arealplan:

Reguleringsplan – formål småbåthamn.

 

Opplysningar i saka: 

Bebygd totalareal: 42 m2 (6 stk boder).

Takform/ takvinkel:Saltak – 37 grader

Avstand til nabogrense: 4 m

Grunneigar er Tysvær kommune

 

Merknad frå nabo:

Nabo xx meiner at bodene skal finansierast av privatpersonar og deretter disponerast av dei same. Han meiner reguleringsplanen ikkje opnar opp for private boder og er redd for at dersom desse vert godkjent vil det resultere i ytterlegare søknad om bygging på eit seinare tidspunkt.

Omsøkte byggeplass blir nytta som badeplass som er opparbeida med kommunale ”tippemidler” i samband med tilførsel av skjellsand. Området vert halde i hevd av velforeninga i Slåttevik.

Han vil vere positiv til fellesbod/ klubbhus slik andre båtforeningar praktiserar.

 

Søkjar sin kommentar til merknad:

Såkalla privatpersonar er medlemmer av båtforeninga og all utbygging er fullfinansiert av medlemmene.

Bodene vil ikkje kome i konflikt med badeplassen og velforeninga har ingenting å gjere med arealet som vert nytta av båtforeninga.

I stk bod skal vere felles for medlemmene, mens dei andre 5 blir delt på dei som ynskjer plass til fiskeutstyr, redningsvestar, osv. Pr. dato er det 19 medlemmer som ynskjer plass. 

 

 

 

 

Dispensasjonsvurdering/ kommentar: 

I følgje reguleringsbestemmelsane er området avsett til spesialområde ”Småbåthamn”. Området for småbåthamn kan nyttast til landfeste for flytebryggjer, samt opplagsplass for båtar om vinteren. Byggverk og innretningar som har tilknyting til dette kan tillatast av bygningsrådet (teknisk utval). 

Det som ligg i dette er båtoptrekk med vinsj med ev overbygg, slipp og liknande som kan relaterast til vedlikehald og lagring av båtar.

Bygningar som lagringsplass for utstyr knytta til båtliv vert slik rådmannen ser det, ikkje omfatta av denne bestemmelse og eventuell dispensasjon må vurderast.

I følgje pbl § 7 kan kommunen v/ teknisk utval gi dispensasjon frå mellom anna reguleringsplan dersom det føreligg ”særlege grunnar”.

 

Kommunen har tidlegare vore positiv til å dispensere for oppføring av klubbhus med ev lagerplass  under føresetnad av at det vert lagt til rette for felles bruk der alle medlemmene har lik rett.       

Omsøkte boder er så klart oppdelte at det kan opne opp for at enkeltmedlemmer kan gis eksklusive  bruksrettar. Det kan på sikt føre til auka behov for tilsvarande løysingar. I tillegg er bodene plassert for nær sjøen.

Rådmannen vil difor ikkje kunne tilrå at det vert gitt dispensasjon frå reguleringsplan kor lagringsbehovet for sjø-/ båtutstyr vert bygd på denne måten. 

  

Rådmannen sitt framlegg til vedtak:

Teknisk utval kan ikkje sjå at det er grunnlag for å dispensere frå reguleringsplan. Omsøkte tiltak vert ikkje godkjent.

 

 

 

 

Arne Jensen

rådmann

Oskar Tryti

teknisk sjef

 

--- slutt på innstilling ---

 

 

 

Behandling i  Teknisk utval -21.09.2006

Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

 

VEDTAK i  Teknisk utval -21.09.2006

Teknisk utval kan ikkje sjå at det er grunnlag for å dispensere frå reguleringsplan. Omsøkte tiltak vert ikkje godkjent.